Rekorddeltaking i Vieåsen

Postet av Førde Idrettslag den 21. Mai 2026

Veldig gledeleg at så mange tok turen til Vieåsen og orienteringsløp 20. mai. Vi har over 80 registrerte namn på listene – i tillegg til mange forelder og besteforelder som var med dei yngste rundt. Veldig kjekt. Det var mange nye med, og ikkje sikkert alle registrerte seg ved målgang.

Dette var eit løp som ungdomsløparar i klubben arrangerte. Dei fortener skryt for godt gjennomført arrangement med gode løyper, og fullt trøkk for å halde orden på alle nye som skulle registrere seg, og ulike spørsmål som skulle svarast ut. 

Løypevinnarar: A kvinner Vena Fristad, A lang Henning Tjørhom, B kvinner Tuva Bjørset-Hirth, B menn Martin Olai Spjutøy, C kvinner Arya Stubhaug Tjørhom, C menn Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med løyper og strekktider finn du her.

Neste løp vert onsdag 27. mai på Moskog, retning Holsen. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest




Nærløp Vieåsen 20. mai

Postet av Førde Idrettslag den 19. Mai 2026

Velkomen til nærløp orientering i Vieåsen onsdag 20. mai kl 18.00. Oppmøte ballbingen i Vieåsen, der det er start og mål. Løyper for alle: 2,4 km for A-løypa, 1,6 km for B-løypa, 1,2 km for C-løypa, 0,8 km for N-løypa. 

Løypene går mest på asfalt, litt på gras, nokre vegval der det kan bli litt sti og grus. Utan regn neste døgnet er jobbesko eit godt alternativ som skotøy.

Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri - #enivest





Ungdomssamling Hav-O

Postet av Førde Idrettslag den 16. Mai 2026


Fredag 29. mai - søndag 31. mai er det Hav-O på Sotra. Løparar frå regionen er invitert, og kretsen legg opp til ungdomssamling. Samling Hav-o.pdf





Løyper og resultat Kinna

Postet av Førde Idrettslag den 14. Mai 2026

60 deltakarar på resultatlistene på nærløp på Kinna onsdag 13. mai. Flott fjellterreng for dei lengste løypene. Løparane var over 600 meter over havet, og då vart det også litt snø for mange under vegs. 

Løypevinnarar: A menn Andreas Haug, A kvinner Margit Sandem Fjellengen, B menn Gunnar Gytri, B kvinner Kaja Osvoll, C menn Anders Mallasvik, C kvinner Margunn Leknes Gryte.

Fullstendig resultatlister med strekktider og løypeval i livelox finn du her.

Neste nærløp vert ved Vieåsen barnehage onsdag 20. mai. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 





Orientering Kinna 13. mai

Postet av Førde Idrettslag den 11. Mai 2026

Etter fleire sprintløp er det igjen klart for orientering i skogsterreng. Onsdag 13. mai nærløp på Kinna kl 18.00. Oppmøte Byrkjeflot, merka frå E39 på Sunde. 

Løypeleggar melder om flott terreng. Løypelengder;  Nybyrjarløype 0,8 km (bilde over), C-løype på 2,3 km, B-løpe 2,9 km og A-løype på 5,1 km.

Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Sprintløp Førde v.g.skule 6. mai

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2026

Velkomen til nærløp onsdag 6. mai.  Oppmøte ved Førde vidaregåande skule på Øyrane (sjå kart). Nybyrjarløype 0,8km, C løype 1,1 km,  B løype 1,7 km og A løype 2,4 km. Alle løyper i målestokk 1:4000. 
På A- og B-løype får ein karta når ein startar. Løpet er lagsmeisterskap i sprint i klubben. 

Påmelding via Eventor eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest