Premiefest
Postet av Førde Idrettslag den 2. nov 2022

52 personar stilte på premiefesten til Førde IL Orientering onsdag 2. november. Vi kosa oss med saft, kaffi og kaker. Så var det utdeling av premiar for turorientering, der 81 deltakarar har vore med i år. Etter det var det premiering for nærløp og lagsmeisterskap, før ein avslutta med lotteri. Takk til Coop Extra og Intersport for gevinstar. Kjekt at så mange hadde tatt turen. På bildet over unge løparar som fekk premie for fire nærløp og fleire.
På bildet under "senior"-løparar som har delteke på 12 nærløp eller meir.
Det vert starta inne-trening på Slåtten skule onsdag 9.11 kl 20-21. Treninga er tenkt for personar frå 12 år og oppover.


Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
O-løp Djupedalen 24. juni
21.06.2026
Onsdag 17. juni Langeland
14.06.2026
Nærløp Langeland 10. juni
07.06.2026
Resultat nærløp Langeland 3.6
04.06.2026
O-helg i Nordfjord
02.06.2026
O-løp Langeland 3. juni
01.06.2026